|
|
|||||||||||||||
|
Navigasjon Hovudsida Om oss Bilete Nyhende Nyhende tilsendt Kontakt oss Vil du bli medlem? Årsmeldingar Årsmelding 2009 Årsmelding 2008 Samarbeidspartar Fredskorpset (FK Noruega) Municipal International Cooperation (MIC) Municipio de Comalapa Stord kommune Vennskap Nord/Sør |
Venskap Stord-Comalapa
Dei fyrste åra var kontakt mellom venskapsskular den viktigste kommunikasjonen. Etter kvart vart kontakten utvida til fleire område. Ein av dei mest vellukka gruppene er musikkgruppa med gjensidig vitjing og seminar. Seinast i september 2009 var musikklærarar frå Stord i Comalapa og haldt eit tre dagars seminar med 30 deltakarar frå fleire stader i Guatemala i eit samarbeid med kultur- og undervisningsdepartementa i Guatemala. Gjennom Vennskap Nord/Sør sitt Elimu-program har Stord vidaregåande skule tatt del i fleire utvekslingar mellom elever og lærarar med skulen Escuela Nacional de Ciencias Comerciales i Comalapa. Frå 2002 har Stord kommune og Comalapa kommune hatt utveksling av fredskorpsarar. Tema har vore lokaldemokrati- og administrasjon, helse, skule/miljø/biologisk mangfald/bosshandsaming og musikk.. Venskapskomiteane er ei viktig støtte for fredskorpsarane på fritida. Frå hausten 2009 er ein i gong med den 5. utvekslingsrunden som skal vara i eitt og eit halvt år. Tre ungdommar som representerte Stord reiste til Comalapa i oktober 2009 og arbeidde innan musikk, miljø og førebyggande arbeid for ungdom. I januar 2010 kom to ungdommar frå Comalapa til Stord. Dei arbeidar innan musikk, idrett og førebyggande aktivitetar for ungdom ut skuleåret til juni 2011. I 2007 vart Stord kommune og Municipalidad de San Juan Comalapa samde om å søkja Kommunenes sentralforbund (KS) om å taka del i det internasjonale kommuneprosjektet MIC (Municipal International Cooperation). I 2008 og 2009 har dei to kommunane samarbeida om bevisstgjering om miljø- og kvinnespørsmål. Målet er å hindre forureining av boss og auka deltaking av kvinner i dei lokale utviklingskomiteane. Stord kommune deltek i MIC-prosjektet òg i perioden 2010-2012.
Årsmøte 2011Heine Hillesvik Valvatna | Onsdag 26.januar 2011 Venskap Stord-Comalapa held årsmøte i Kulturhuset onsdag 23.februar kl 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Velkomen! |
|
|||||||||||||
stordcomalapa@gmail.com
|
|||||||||||||||